onsdag 3. september 2008

Abraham

Med Abrahams på troens veg.

Av Nils Dybdal-Holthe.

Abraham er kalla dei truande sin far, og soga om han står mellom Urhistoria (1. Mos. 1-11) og Israels historie. Ettersom Abraham også er jødane sin far, er dette også byrjinga på det utvalgte folk si historie.

Han blei først kalla Abram, som tyder "opphøgd far". Seinere fekk han namnet endra til Abraham (1. Mos. 17, 5), med tydninga "far til mange folk". Historia seinere vil visa denne skilnaden. Men her vil me heile tida kalla han med namnet Abraham - det er også NT sitt namn på han.

1. Slektsoge og kall.

Første gang me finn Abraham nemnd i GT er i slektsoversynet etter historia om forvirringa i Babel, 1. Mos. 11, 26. Han hadde brørne Nakor og Haran. Haran var far til Lot som me møter i Abrahams historie.

Far deira far var Tarah som vart 205 år gamal. Far til Tarah var Nakor, og me ser altså at Tarah kalla den eine sonen sin opp etter far sin - ein ikkje ukjend praksis både i vårt land og andre stader. Far til denne eldste Nakor var Serug, og fylgjer me hans historie bakover, kjem me til Noahs son Sem.

Slik viser Bibelen her at Abraham var semitt. Og Gud hadde lagt ei spesiell velsigning over Sem si ætt. Noah talte profetisk etterat han hadde vakna av rusen sin og sa: Lova vere Herren, Sems Gud (1. Mos. 9, 26).

Herren var altså Sems Gud, me ikkje Kam og Jafets. Dermed står Sems ætt i ei serstilling. Og det er nettopp Sems ætt som nå kan fylgja vidare i Bibelen. Gud utvalgde ei bestemt ætt, og i den skulle hans frelsesplan skje.

Så skal me sjå korleis Guds utvelging går vidare. Han vel ut ei bestemt line i Sems ætt. For mange andre slekter tilhøyrer også Sems ætt, t.d. arabarane og nokre av Israels nabofolk. Men ei bestemt ætt i den utvalgde ætta ville han bruka.

Slik viser Gud kor suveren han er i alt. Han har rett til det, for alt er hans skaparverk.

Abrahams kall. 1. Mos. 12, 1-3.

Abraham er Israel sin stamfar, og han er kalla dei truande sin far. Han levde ikring 1900 år f. kr. Han viser oss veg korleis livet med Gud er. Denne soga er sann historisk om Abraham, om Israel - og om oss kristne. Det har ein gong hendt slik - og soga er førebilete for oss. Slik Gud handla med Israel vil han handla med oss.

1) Han fekk eit kall: dra ut. Han skulle dra ut av det heidenske Kaldea. Ur var eit kultursenter på den tid i Sør-Babylonia. Det var i dette område og på denne tida at den "gode" Hammurapis lov vart til. Den har trekk som liknar på Mose lov. Men på same tid var det ein laussloppen moral og seksualitet i landet. Det var her astrologien tok til, som er avgudsdyrking.

Abraham skulle forlata det. I første omgang drog han nord-vestover til Karan. Det var ein viktig handelsby, og her var han til faren døyd­de. Då drog han vidare til Kanaan og hadde dermed sagt farvel til det verdslege Kaldea.

Me får og eit slikt kall. Omvendinga tyder m.a. å forlata denne verda og dens vesen. Me skal ikkje gå i kloster eller skilja oss ut frå alle menneske. Men me skal forlata det verdslege i levemåte og tenkjemåte, synda og det halvhjarta. Omvending­skallet er å gi seg over til Gud og la han styra vårt liv. Elias sa på Karmel: Kor lenge vil de halta til begge sider (1. Kong. 18, 21). Og Jakob slår fast: Venskap med verda er fiendskap med Gud (Jak. 4, 4).

Det er kallet til oss nå. "Farvel du brede stre­de, du ser meg aldri mer."

2) Kallet var eit offer. Han måtte forlata alt sitt eige og dei fleste av sine kjære. Han miste altså noko av den jordiske tryggleik og tok til på eit liv i uvisse. Hebr. 11, 8 seier det slik: han visste ikkje kor han skulle koma.

Dette krevde tru. Han hadde berre Gud å stola på framover. Han visste truleg lite om verda utafor sitt eige land sjølv om han sikkert hadde høyrt ein del ettersom det var handelsvegar mellom landa. Likevel - han skulle reise - til det land Herren ville syna han.

Slik er ein kristen sitt liv. Me ferdast i tru, ikkje i syn, 2. Kor. 5, 7. Og Jesus seier: Sæle er dei som ikkje ser og endå trur. Det tyder å gå på Guds lovnadar og å stola på Guds ord. Det er å tru. Ikkje alltid skjønar me alt eller føler så godt. Men trua grip tak i det Gud har sagt og lit på det uansett. Ved tru drog Abraham ut, Hebr. 11, 8. Slik har heller ikkje me noko anna enn Bibelens ord og løfter. Dei kan me gripe tak i.

3) Han vart velsigna. Dette var ein lovnad. Han skulle få Guds velsigning over livet og reisa si, v. 2. Sjølv om det vart eit liv i uvisse og offer, skulle det bli eit godt liv. Det fylgjer alltid lukke og glede med velsigninga om den ikkje kjem slik me trudde. Abraham var lydig mot kallet og gjekk på Guds ord. Den velsigning som han då opplever er meir verd enn det verda kan tilby.

Filipperbrevet er eit gledesbrev. Men det var skrive i fangeho­let. Og Efeserbre­vet tek til med "all åndeleg velsigning" (1, 3). Det viser at orda i Ordspr. 10, 22 er sanne: Det er Herrens velsigning som gjer rik.

Reknar me med denne velsigning i dag? Me opple­ver ofte at der offeret var størst, kom den rikaste velsigning. Og den største velsigninga me slik får oppleva er forlating for synd og skuld (Apg. 3, 19). Dei som trur vert velsigna med den truande Abraham (Gal. 3, 9).

4) Han fekk lovnad om vern. Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna, v. 3. Gud tok altså omsyn til korleis folk stilte seg til Abraham og hans ætt. Det ville påverka deira eige liv. Det gjeld Israel som folk såvel som oss truande i dag. Gud handlar slik med folket. Guds folk er hans augnestein og han vaktar dei til alle tider. Me står under hans vern på serleg vis. Difor kan me rekna med Guds hjelp gjennom alle tider og tilhøve.

5) Abraham skulle bli t i l velsigning. Du skal verta ei velsigning, v. 2b og: i deg skal alle ætter på jorda velsignast, v. 3b, seier Herren. Det er sterke ord. Og det må sikta vidare enn den jor­diske lukke og framgang Abraham sjølv opplevde. Då vart ikkje alle slekter på jorda velsigna ved han.

Ordet i Gal. 3, 14 er tolkingsnøkkel for oss her: så velsigninga åt Abraham kunne koma over heidningane i Kristus. Dette er med andre ord ein profeti om Messias og frelsa som kom med han. Frelsa er ei velsigning. Og Kristus kom med den. Og den var ikkje berre for jødar - alle heidnin­gar skulle ha høve til å bli frelst. I desse orda ligg slik misjonen. Orda her er ein veldig misjon­stale til oss. Det er vår oppgåve å bera vel­sig­ninga til nye folk.

Så kan me sjå på dette ordet på denne måten: Gud vil at du og skal bli til velsigning - både her heime og der ute. I dagleg bøn, i offer og misjons­arbeid sender me velsigninga ut til andre. Då opplever me at ved å arbeide for Gud blir me sjølv velsigna. Då gjeld ordet i 2. Kor. 9, 6: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta. På bokmål står ordet "karrig". Du får lite att av Gud ved å gi lite.

Nå kjem ordet til oss. Har du brote opp frå verda og fylgd Abraham på vegen mot Kanaan? Og er du med og spreier velsigninga ut til andre som ikkje ein gong har høyrt ryktet om den?

2. Truslivet i landet. 1. Mos. 12, 6-8.

Abraham og Sara er nå komne til Kanaan, og dei hadde Lot med seg. Dei gjekk på Guds lovnadar og reiste gjennom heile landet. Så slo dei seg ned og bygde ein heim i lag. Dette viser oss noko om korleis ein kristen heim skulle vera. Korleis er mange heimar i dag? Held dei det bibelske mål?

1. Herren openberra seg, v. 7. Herren synte seg og dei tala saman. Gud var nær, og det var eit fint "forhold" mellom dei. Slik er ein kristen heim ein stad der Gud får visa seg. Der er det godt og velsigna sjølv om dei ikkje alltid er samde i alt. For der er Jesu sentrum og hovudsak. Og då må det bli godt. Ein heim kan vera ein himmel eller eit helvete på jord.

Det er problem og for kristne, i heim og på arbeid. Men ein kristen kan løysa slike ting i Guds nærleik. Men då må me og vere viljuge å visa Guds sinnelag mot kvarandre. Me må læra av Jesus, Mat. 11, 28. I første rekkje må me læra kjærleik og å vere audmjuke mot kvarandre. Det harde hjart­elag og sinn har skapt mykje vondt i heim og kyrkje.

Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, Salme. 25, 14. Der otten for Gud er, stig himlen inn. Då openberrar han seg for oss. Og den openberring kjem ved ein open bibel, falda hender og i lag med veneflokken. Der får Gud vera nær. Der kjem vel­signinga.

2. Han levde mellom heidningar, v. 6. Kanaanitt­ane budde då i landet. Dei dreiv avgudsdyrking, usedelegdom og utukt av mange slag. Dei dyrka Astarte som fruktbarhetsgud med ein laussluppen sexkultur. Dette påverka Israel fleire gonger og førte dei til fall og fråfall.

Slik lever me midt i denne verdslege verda. Og den er ein fåre for Guds born. Verda er ei sterk makt som kan påverka oss og føra oss vill. Tanken vår blir lett verdsleggjort og får oss til å tenkja på same måte som heidningane. Radio, TV og aviser hjelper oss til dette. Då kan me bli lik denne verda både i tenkjemåte og i levemåte. Det ser me t.d. på måten me bur på og levemåten vår. Her ser folk ofte meir på korleis naboen og slekta har det enn kva lommeboka tillet og Gud vil. Bunyan kallar ein slik levemåte "forfengeleg­dom". Det er ikkje ufårleg for gudslivet å leva slik som naboen gjer! Alvoret er borte, og verda vert dominerande. Og der dominerar ofte det som er gøy og det som ser flott ut.

Då skjer ein ting: der verda får makt, minkar Guds openberring. Det blir kaldt og egoistisk mellom oss. Me vert meir opptekne av dette livet enn av himlen. Det er døden.

Er dette i ferd med å skje imellom oss nå?

3. Han bygde eit alter, v. 7-8. Kor han kom, bygde han eit alter for sin Gud. Alteret var ute. Dei hadde ikkje tempel eller gudshus på denne tida. Difor var det synleg for alle. Heidningane kunne sjå kva han gjorde.

Difor vart dette ei vedkjenning for Abraham. Det synte at han var annleis enn dei. Han tilbad ein annan Gud. Han skamma seg ikkje men viste fram si tru. Slik er kristenlivet. Me må vere viljuge å byggja alteret ute, til vitnemål for alle. "Med hjarta trur me til rettferd, og med munnen sannar me til frelse" (Rom. 10, 10).

Men altaret var og ein offerstad. Der ga Abra­ham eit offer til Herren. Og noko av dette offe­ret var takk til Gud for all hjelp. Nå kan det vere eit offer å vere ein kristen eller å ha ein kristen heim. Spørsmålet er om me er viljuge til det? Alterets tale er her: Gud har førsteplassen i mitt liv. Då kjem og spørsmålet om å leve enkelt i heimen - for å ha noko å gje til misjonen.

Korleis skal eg reisa dette alteret?

Ved husandakten bygger me alteret heime. La Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, sa Paulus. Kol. 3, 16. Husandakten er ryggraden i kristne heimar. Sviktar me her, vil det lett svikta alle stader i livet vårt. Det kan vere som eit skred. Det tek til i det små med svikt ovafor borna eller sviger­borna. Så tek det eine det andre med seg og gudslivet sløvar litt etter kvart.

Begynn i det små om du har svikta. Les frå ei god andaktsbok og be ei kort bøn. Så vil du oppleva at frimotet aukar med bruken.

Søk først Guds rike, sa Jesus. Gud vil det beste for oss. Let me hans rike har prioritet i livet vårt, vil me oppleva velsigning ved det. La møter og misjon går framom alt privatliv. Hygge og selskapsliv kan bli eit hinder for Gud dersom det kjem i hans plass. Alt skal vere vitnemål om frelsa. Livet vårt er eit alter som syner kven me lever for.

Og der ved alteret påkalla han Herrens namn. Han ba ikkje berre i naud og sorg. Han hadde stadig kontakt med sin Gud. Det er noko av krafta i Abraham sitt liv. Me veit av erfaring at bønelivet i heimen kan lett øydeleggjast ved uforstand og ulydnad. Eit skakt ord til maken kan vere nok til å hindra bøna i lang tid. Difor står det i 1. Pet. 3, 7: lev med kvarandre med forstand - så bønene ikkje vert hindra.

3. Abraham sitt fall. 1. Mos. 12,4-5,9-13, 4 + kap. 20.

Dette avsnittet syner at Abraham ikkje var fullkomen. Det er eit trist bilde av ein Guds mann. Kvifor hende det med han som var ein trua sin mann?

Han hadde den gamle natur, trass i at han var utvald av Gud sjølv. Slik er me og, med ei dobbel natur. Noko i oss vil det gode, og noko vil gje etter for synda.

Kvifor står ei slik trist hending i Bibelen? Kunne den ikkje like godt eller betre vore gløy­md? Kanskje det, på ein måte. Men nå vil den visa oss Guds veldige nåde og langmod mot dei truande. Og den vil og visa oss at me er ufullkomne synda­rar som er i fåre kvar me går. Bibelen gir ikkje eit glansbilete av kristne. Den syner oss det realistiske bilde av slekta. Der kan me kjenna oss att, og der får me hjelp.

Her vil me sjå på dette: Abraham sitt fall. Det er alltid alvor, men mest når ein truande og ein åndeleg leiar gjer det gale. Det skader Guds sak meir enn mykje anna. Og det er vår sorg at slikt skjer.

Som i dei aller fleste fall skjedde det trinnvis. Suksesivt glei han bort frå den smale vegen og kom i utakt med Guds vilje.

1. Sørover.

I v. 9 finn me at han reiste sørover - mot øyde­marka Negev. Med det kom han nærare Egypt og heidenskapet. Han fjerne seg frå det landet eller det området som Gud ville han skulle bu i. Og det var mot Guds bod. Han hadde fått Kana'an, v. 7,. Det var Guds gåve til han og familien. Og der var velsigninga for dei. Litt etter kvart flytte han så bort frå det. Til sist finn me han heilt nede i Egypt, v. 10. det var nauda i landet som dreiv han dit. Slik kan utviklinga bli for ein kristen. Det kan gå nedover. Sløvhet, verdslegdom og tilpas­sing til dei andre eller rein rutine i livet kan føra oss nedover i gudslivet.

2. Brorsonen Lot.

Han tok med seg brorson sin Lot på denne turen, v. 5 og kap. 13, 1. Han var frå Mesopotamia. Han fylgde dei til Egypt.

a) Det var ikkje etter Guds bod at han skulle vere med i det heile. Han fekk bod om å dra bort frå slekta si, v. 1. I dette ser me ei delvis lydig­het ved Abraham. han gjorde ikkje alt eller heilt det Gud sa.

Det er alltid fårleg. Han var for omsynsfull og svak for slekta si. Det såg lite ut og kunne vel ikkje vere skadeleg. Men det var ikkje etter Guds vilje, og då fører det galt av stad. Me skal vere varsame med små feil og avvik. dei fører ofte til store feil.

b) Abraham fekk problem med Lot. Det hende fleire gonger. Mange kristne må lida livet gjen­nom på grunn av sine eigne "små" synder. Me må betale for det me har gjort sjølv om me får tilgjeving.

3. Hunger i landet.

Det var stor naud i landet, v. 10. Difor reiste han til Egypt. Han hadde fått bod frå Gud om at han skulle vere i Kana'an. Trudde han ikkje på Gud nå? Ville ikkje Gud kunne hjelpe han i denne nauda?

Før hadde han trudd på Gud. Han tok han på ordet og drog ut av sitt eige land og forlet slekta. Han gav avkall på alt. Fleire gonger såg han korleis Gud hjelpte han. Nå fylgde han vitet sitt, fornuften. Var det vantru som viste veg for han nå? Han hadde gløymt lovnaden om velsigning og hjelp. Då kjem ofte tvil og uro. Han kunne ennå ha snudd og reist attende til Guds land. Det ville nok ha kosta. For då måtte han ha levd på tru.

4. Ingen alter.

Då han kom til Egypt bygde han ingen alter for Herren. Før hadde han bygd alter der han kom og ofra og tilbede sin Herre og Gud. Men ikkje her. Her berre samla han gods og verdsleg rikedom, v. 16 og 13, 2. Det jordiske tok all tida hans og truleg interessa. Han hadde ikkje krefter att til bønestundene og offeret til Gud. Det er ein viss veg til meir synd og verdslegdom.

5. Direkte synd.

Då Abraham kom i vanskar medan han var i landet, fall han for freistinga til synd. Han laug og ba Sara å lyge, v. 13. Det var ikkje Gud som ba han om det.

Kvifor gjorde han det så? For å berga livet! Han tenkte det var best. Mange menneske tenker feil i dette stykke. Dei tek ikkje Gud med og let sin eigen syndige tanke styra handlingane. Paulus skriv derimot i 2. Kor. 10, 5: "og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus". Det er vegen. Abraham gjekk sin eigen veg. Dei skulle tru at Sara var søster hans, så vart han sjølv berga. Han tenkte mindre på henne. Ho kunne blitt ei horkv­inne!

Men Gud var der, midt i denne situasjonen. Og han hindra det djupe fallet som kunne kome. Abraham vart kalla fram til Abraham, og alt vart oppdaga. Han vart så bortvist, v. 20. Gud måtte bruka ein verdsleg konge for å fremja sin vilje med den gudfryktige Abraham. Slik er Guds vegar uransakelege. Det måtte vere ei skam for dei truande sin far å oppleva slikt. Han måtte kjenna seg audmjuka der han drog med seg og sine heim att frå Egypt. Han skulle vore til velsigning for alle folk. Det var lovnaden. Så vart han til uluk­ke.

Likevel: det var oppreising for Abraham! Han drog attende til Kana'an (13, 1). Også nå hadde han Lot med. Kvifor vart det fornying nå?

Han reiste attende til den staden der han før hadde tilbede Gud og reist eit alter, v. 4. Han vende attende til byrjinga, slik han hadde hatt det før då han levde rett med sin Gud. Korleis var det?

Då ba du om nåde og tilgjeving. Du hadde ei von. Det var frelse og fridom i Jesu Kristi sår og blod. Det var byrjinga. Og slik held det fram så lenge me er her på jord.

Der kalla han på Herrens namn, står det. Det var redninga til Abraham. Han tilbad ikkje. Han ba om nåde og frelse. Det første me treng er reinsing frå synd. Men det er ein audmjuk veg for dei stolte menneske. Men denne audmjuke veg fører til frelse og fornying. Berre den.

Treng du og eg å bygga eit slikt alter?

4. Lot. 1.Mos. 13.

Om Lot. Han var brorson til Abraham, men dei var store motsetningar, kontrastar. Abraham levde ved tru, Lot etter det han såg. Abraham tok han med, utan at Gud hadde sagt det. Og det skapte problem for Abraham. Gud hadde sagt: Dra ut frå folket ditt, kap. 12, 1. Difor var det galt. Jfr. Gal. 6, 7.

Lot blir bilete på ein haltande og svak kristen. Han var ikkje heilt med. Og fleire trekk ved livet hans viser det.

1. Han var egoistisk, kap. 13, 8-9. Det vart trette mellom gjætarane til Lot og dei som gjette for Abraham. Her ser me skilnaden på desse to. Abraham hadde retten på si side, det var han som var kalla til landet. Lot fekk vera med. Men Abraham viser han ikkje bort, han gav han tvert om fritt val. Går du til høgre, skal eg gå til venstre.

Kva gjorde Lot då? Han såg seg ikring og fann det beste beitelandet og sa: Det tek eg. Det viser korleis han var som menneske, kva karakter han hadde. Og det er slik: Handlingane våre viser og avspeglar hjarta vårt. Det viser om me er oppofrande og audmjuke menneske, eller det motsette. Lot gav ingen ting frå seg. Han er heller ikkje med mellom dei heilage vitna i Hebr. 11. Ein person som Lot er ikkje eit godt føredøme for andre.

2. Han var verdsleg. Vers 12-13. (Også Abraham hadde hatt ein verdsleg tenkemåte, som i kap. 12, 12f.) Verda er i denne samanheng vener og kjende som me vert påverka av i verdsleg lei. Eit gamalt ordtak seier: Sei meg kven du er saman med, så skal eg seia deg kven du er.

Det står her at Lot levde nær Sodoma, og det var byen med mykje synd og umoral. Verdsleg tanke og levemåte var stor og sterk her. Det er ikkje ufarleg for ein kristen å vera i lag med dei verdslege. (Her meinar eg sjølvsagt ikkje når me går til dei for å vinna dei for Gud.) I Laodikea i Op. 3 er eit anna døme. Dei var lunkne, truleg etter å ha tilpassa seg dei verdslege i byen.

Verda påverkar oss meir enn me ofte trur. Det går gradvis over lengre tid. Då blir sinnet og samvitet sløvt. Både her og i Salme 1 ser me litt av vegen til fråfall. I kap. 13, 12 ser me at Lot levde nær Sodoma. I kap. 14, 12 er i i Sodoma, og i kap. 19, 1 sat han i byporten, og med det var han ein av leiarane og domarane i byen.

Det byrja i det små, som i Salme 1, 1: Dei sæle (frelste etter vårt språk) søkjer ikkje råd hjå dei gudslause, dei står ikkje på vegen saman med syndarar, og dei sit ikkje saman med spottarane. Gjer me det, er me på veg mot fråfall.

Jakob skriv så alvorleg: Venskap med verda er fiendskap med Gud, Jak. 4, 4. Det er det motsette av Abraham i 1. Mos. 12, 8: Han heldt seg nær til Herren då han flytte, og ikkje nær heidningane.

3. Lot var rettferdig. 2. Pet. 2, 7-8. Han kjende det vondt i si rettferdige sjel når han såg dei gudlause. Han hadde bevart ein gnist av gudslivet midt i denne verda. Om dette ”lyset” varde heile livet, står det ikkje noko om. Men han vart i tilfelle frelst ”som gjennom eld”, altså med naud og neppe. Og han vart berga ut av det brennande Sodoma.

Det er noko trist over Lot. Han var ikkje eit godt lys for Herren, slik Abraham var. Me ser det klart: Verda heldt på å knekka Lot. Me kan spørja: Er det mange slike Lot i dag? Korleis er det med oss?

Han var rettferdig. Korleis vert ein det? Både Abraham og David og Paulus og alle andre vert det på same måte: Ved tru, av nåde, utan nokon forteneste. Abraham fekk det vitnemålet, kap. 15,6, jfr. Rom. 4, 3 og Gal. 3, 6. Rom 32, 22 seier det er ingen skilnad. Abraham trudde på den frelsar som skulle koma, me vert det ved tru på han som er komen. Alt som fordunklar rettferda av Guds nåde, er galt og kjem frå den syndige verda. Då er ofte det første steget mot fullt fråfall teke.

4. Lot var fria frå domen, kap. 19. Og det hende ved at Abraham bad til Herren for han. Lot hadde ikkje sjølv makt til å be. han var utmatta, åndeleg tala. Men Abraham bad. Han prøvde å hjelpa alle, og nokre vart berga. Lot vart berga fleire gonger, også då han var fange hjå fiendane, kap. 14, 12.

I kap. 19, 17 fekk han rådet, det var hans siste kall: Røm for livet. (Bokmål gml.: Fly for ditt livs skyld!) I berget var ein fristad, dit må du gå, sa Herren. Og då var han lydig. han skjøna det var alvor. For oss alle er det livsfarleg å leika med verda og synda. Det er gonger i livet då me må flykta. Det er ikkje feigt, når me ser at synda er sterkare enn oss sjølve.

5. Lot fekk ikkje sine med, kap. 19. Han fortalde om Guds råd og kall til familien. Men versønene lo og trudde han spøkte. v. 14. Det viser at dei og kunne reddast og dei fylgde Lot. Kvifor lo dei nå? Hadde han levd eit så verdsleg og rotet liv at dei ikkje tok han på alvor? Står det som ei åtvaring til oss – at me skal visa oss som Guds reine born her i verda?

Kona vart heller ikkje med. Han hadde ikkje vunne si eiga kone for Gud. Det treng ikkje vera hans skuld, og var det truleg ikkje. Ho var så bunden til Sodoma, heimen og livet mellom dei verdslege, at ho makta ikkje å bryta med det. Ho snudde seg og ville ha eit siste minne frå den brennande byen. Det hadde Gud sagt nei til. Det må du ikkje. Men ved at ho gjorde det, vart ho til ei saltstøtte.

Døtrene hans var og syndige. Dei levde i synd med sin eigen far, og fekk born med han. Det har alltid vore stor synd for Gud. Han har sett nokre grenser og skilje mellom mann og kvinne. Ingen går ustraffa mot slike lovar. Ættene etter desse barneborna til Lot, vart dei seinare moabittane og ammonittane. Her ser me litt av Guds nåde. Rut var moabitt, og ho vart ei stammor til Jesus. Men elles svinne desse slektene bort.

Lot sitt liv var tragisk. Og det er truleg mange slike triste skjebne og familiar. Og kvifor? Gud fekk ikkje førsteplassen. Dei halta og levde litt med verda og litt med Gud. I lengda går det aldri. Du taper.

Her treng med ein full rustning, som i Ef. 6. I korttekst tyder det at me treng meir av Jesus Kristus for å bli sterke i Herren. Me skal leva nær han i Ordet og bøna og det heilage samfunnet. Då får me ikkje hug på livet i denne syndige tida.

1. Mos. 14, 18-28. Melkisedek.

Historia her er at Lot var bortført i krig i Jordandalen. Abraham fridde Lot ut, og gjekk så til Kongedalen. Kongen kom med løn for sigeren, men Abraham sa nei, v. 21-23. Og her møtte Abraham en annan person som blei til hjelp for han - Melkisedek. Han møter me att seinare eit par gonger i Bibelen. Og kven var denne mannen?

1. Han var konge i Salem, som er eit anna namn på Jerusalem. Salem betyr fred. Og nå var det blitt fred i området ved Abrahams hjelp. Men bynamnet har ikkje noko med denne sigeren og freden å gjera.

Men fred betyr noko meir enn fråver av krig. I Guds rike talar me om ein åndeleg, indre fred – med Gud. Og i vår tid er det mangel på denne freden. Her er mykje uro og folk flest har ikkje ein sikker grunn under sitt liv. Derfor kan me lera noko av kongen i fredens by.

2. Han var også prest. Og dette var ingen avgudsprest i det heidenske landet. Tenk midt i heidenskapet var det ein sann prest – for Den Høgste Gud, står det. Det er Skaparguden og den einaste sanne Gud. Det var han som kom til Abraham med kallet til å forlata Kaldea. Og nå møter han ein med same tru.

Namnet Melkisedek betyr ”Rettferds konge”. Han levde sjølv rettferdig og han var representant for ein rettferdig Gud. Det var denne Gud som hadde utvalt både presten og Abraham. Og nå fekk Melkisedek vera til hjelp for trushelten Abraham.

3. Melkisedek kom med vin og brød. Han hadde med seg gaver og mat til ein trøtt Herrens tenar. Han viste omsorg for ham, slik me alle skulle gjera.

Dette kan vera symbol og førebilete på nattverden. Og den talar tydeleg om Jesus. Han er livsens brød, Joh. 6, 35. Og han er vintreet, Joh. 15, 1 og 5. Og i Salme 23, 5 står det at Herren som hyrde (Joh. 10) dekker bord for oss. Og me tenkjer her på den åndelege føde Gud gir sine born.

4. Melkisedek velsignar Abraham, v. 19. Denne velsigninga er ikkje jordisk gods og ære. Den eigentlege velsigninga er himmelsk godleik og herlegdom som Gud deler ut. Abraham hadde lovnad om velsigning, kap. 12, 2. Melkisedek er nå reidskapen som gir han det og minner han om det.

Me har også fått velsigning: nemleg ”all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus” (Ef. 1, 3). Der er all velsigning gøymt og me har fått den ved trua på Jesus. Det gjeld om at me ser den og blir minna om den.

5. Melkisedek minna Abraham om den sanne Gud. V. 20: Gud har gitt dine fiendar i di hand. Sigeren over kongane var altså gitt av Gud. Derfor var det Gud som skulle ha æra, ikkje kongen eller Abraham. Me treng stadig slike påminningar: Ikkje me, men Han har gjort alt. Og me kan med frimod gi Gud all ære.

I v. 19 seier Melkisedek: Velsigna vere Abraham av Den Høgste Gud. Han eig alt, det kjem att i v. 22 der Abraham svarar. Alt er Guds eigedom, me menneske, kongen, fienden. Ein slik tanke gjer oss audmjyke. Ingen ting er vårt, og me har ikkje ære av noko.

6. Melkisedek tok imot tiende av Abraham, v. 20. Det var eigentleg unausynleg. Men det er eit uttrykk for takk og anerkjenning frå Abraham. Prestekongen krevde det ikkje, men Abraham følte og forstod: jeg vil gi noe tilbake.

Her i Kongedalen kunne Abraham blitt rik, men i staden gav han bort noko. Slik virkar Guds ord og evangeliet på eit menneske. Jfr. Apg. 20, 35.

7. Melkisedek er førebilete på Messias. Me finn han nevnt to andre stader i Bibelen.

a) Salme 110, 4. Der talar David om Messias som konge og prest. Fleire stader talar Bibelen om denne dobbelte (og tredobbelte) rolle som Messias har. Her ser me noko viktig: Du er prest til evig tid etter Melkisedeks vis.

b) I Hebr. 5-7 blir han nemnt fleire gonger, med eit tillegg: Han er øvsteprest. Det står ikkje i 1. Mos. 14. Det kan henga saman med at han var alene prest i Salem og var samtidig konge. Dermed var han den høgste.

I tillegg til det som er sagt om Melkisedek, finner me i Hebr. noko meir:

1) Messias skal vera øvsteprest etter Melkisedeks vis, Hebr. 5, 6. Noko spesielt ved Melkisedek finn me her. Han er Messias, dvs. Jesus Kristus. Og det ligg nok i det tillegget som står i dette verset: til evig tid. Prestar og øvsteprestar i det gamle Israel var berre i teneste ein del av sin livstid. Etter døden måtte ein ny ta presten sin plass. Jesus som Guds Son er derimot evig, og hans gjerning skal aldri takast opp att. ”Det er nok det som Jesus gjorde.”

2) Med Kristus skjedde ei omskifting på fletre område. Hebr. 7, 12. Det handlar om prestedømet i GT, lova, pakta og lovnadene. Derfor er det skilnad på den gamle og den nye pakt, og dermed på Arons og Kristi prestedøme. Aron representerer pakta ved Moses og lova på Sinai. Kristus er den nye pakt sin hovudperson.

Alt i GT kom lyset frå den nye pakt inn og varslar om det som skal kome. Her ser me det ved Melkisedek. Han er bilete på presten i den nye pakta, dvs på Guds Sønn. Han var ikkje Guds Son, men gjort lik han i det historiske, Hebr. 7, 3. Og her ser me fleire ting.

3) Melkisedek var utan far og mor, Hebr. 7, 3; her betyr det at han var utan ein kjend familie og ætt. Inga byrjing og ingen ende betyr her at me ikkje kjenner fødeår eller dødsår for han. Me skal ikkje leggja noko mystisk inn i det. Dette står i kontrast til alle slektstavlene i 1. Mosebok og seinare. Og det står i kontrast til øvstepresten Aron som me kjenner slekta til. Han var bror til Moses.

Dette er nemnt for å visa skilnaden mellom Jesus som Guds Son og prestane i GT som var menneske. Jesus er opphøgd over alle dei. Og det var naudsynleg. Hebrearbrevet argumenterer slik: Hvis me kunne bli frelst etter den gamle pakta, kvifor var det då naudsynleg med ein ny øvsteprest, lik Melkisedek? Kap. 7, 11. Og det er ei hovudsak, seier kap. 8, 1. Me trong ein frelsar som er fullkomen på alle måtar, kap. 7, 26. Derfor måtte Guds Son kome. Melkisedek peiker fram mot han.

4) I lys av Melkisedek ser me at Kristus som frelsar er:

a) Ein evig konge som herskar med rett og rettferd. Det skjer nå i nådens rike, og i æva i herlegdomsrike.

b) Han er freds konge som nå gir hjartefred til syndarar som kjem til han, og han skal ein gong oppretta eit evig fredsrike.

c) Han er prest for Den Høgste Gud, og slik ofra han seg sjølv for våre synder på krossen. Det er nok for alle menneske.

d) Han gir velsigning til Guds folk, både ved tilgjeving for alle synder og ved at han er med sitt folk alle dagar. Han gir oss åndeleg mat og styrke på vegen.

e) Hans prestedøme og teneste er større enn alt anna, kap. 8, 6. Han ber for oss i himmelen og er vår talsmann og representant for Gud i prøvingar og anfektingar.

5. Abraham si tru. 1.Mos 15,1-6.

Gud gjer ei pakt med Abraham, v.18. Han får ein veldig lovnad. I kap. 12 har han fått lovnad om eit stort folk, i kap. 13 om å få landet Israel, og folket skulle bli som støv, dvs. uteljande.

Her får han Gud sin lovnad om ein arving. Det er Isak og seinare Israels folk. Ætta skulle bli som stjernene. Her ser me korleis Gud avdekkar litt av sanninga kvar gong. Abraham får ikkje vita alt med ein gong.

Ei tid etter (kap. 16) er det klårt at Sara ikkje får born. Dei hadde venta i 25 år utan at dei fekk born, og hadde altså "sølvbryllaup". Dei hadde Guds lovnad, men det skjedde ingen ting. Kva gjer ein då?

Då kom Sara på banen. Ho ville hjelpa Gud, 16,1-3. Ho brukte vitet sitt, tenkte og såg korleis heidningane ordna seg i slike høve. Ei trælkvinne kunne føda ein son til Abraham. Så let ho mannen få Hagar. Og Abraham tok imot, og slik kom Ismael til verda. Nå trudde dei begge: slik skulle det ordnast.

Men dette var vantru. Det var å fylgja skikkane til verda og å fylgja sin eigen tanke og fornuft. Det var svik mot Guds lovnad og synd. I den stunda braut Abraham ekteskapet. Heilt frå skapinga har Guds plan vore at det skulle vera ein mann og ei kvinne - desse to skulle vera eitt kjøt.

Og lovnaden om velsigning gjaldt opphaveleg ikkje Ismael. Det var noko som Gud i sin nåde gav han seinare.

Guds nåde syner seg også ved at Gud kjem til Abraham på nytt, etter at han hadde synda i vantru. Han gav ein ny lovnad, kap. 17,17 og 18,17. Også nå viser begge kor lite dei trur. Begge lo av Guds ord. Dei kunne ganske enkelt ikkje tru på eit slikt under. At ei kvinna på 90 år skulle få barn, var uvanleg og urimeleg som nå. Det var unaturlig og gjekk ikkje an!

Då kjem Herren med eit forløysande ord i kap. 18,14: Er noko umogeleg for Herren? I den gamle greske bibelen Septuaginta (LXX) står det slik: Er noko for vanskeleg for Herren?

Denne gongen viste Abraham at han trudde Gud. For då Herren gjekk til Sodoma, vart han med. Og han gjekk lenger i bøna si enn nokon gong før - for å berga folket i byen. Nå stolte han på Herren. Og det er tru. Ordet i kap. 15,6 (Abraham trudde Herren) stod fast. Han kunne ikkje sleppa lovanden.

Dette er brukt i NT om dei truande (m.a. i Rom 4 og Gal 3). For slik går det til å bli ein kristen og å leva som ein kristen. Me blir rettferdige ved tru på Jesus. Det kan skje trass i synd og svik og tvil på Gud. Ei enkel tillit til Jesus og hans frelse er nok. Paulus skriv: Slik blir alle frelste!

Luther seier i ei preik til 2. Mosebok: "Alt avheng av trua. Heile kristenlivet beror på den." Det var sant om Abraham og om oss. I boka om Galatarbrevet skriv Luther: "Frelse ved tru er hovudartikkelen i den kristne trua." Difor må me seia litt meir om kva tru er.

1.Tru er det motsette av gjerningar.

Lova kan ikkje frelsa oss. Det betyr at me ikkje kan gjera noko til frelse. Om du oppfylte alle boda så godt du kunne, var det ikkje nok. Me vil aldri greia å gjera det fullkoment. Det vil aldri bli godt nok i Guds augo. Alle slags gjerningar er ubrukbare til frelse, sjølv om dei er kristelege. Det kan vera bøner, offer til misjon eller eit fint moralsk liv. Dei kan ikkje berga oss frå synda og inn i himmelen. Trua avskriv alt vårt eige. Tru er å sjå bort frå alt i seg sjølv.

Tollaren i templet gjorde det, i motsetnad til farisearen. Luk 18,10ff. Han fann ingen ting i sitt eige hjarta eller liv som kunne gjera han verdig for Gud. Han skreik berre i si djupe naud: Vis nåde mot meg arme syndar.

Den same erfaringa hadde Paulus. Han levde ei tid då han trudde han skulle greia seg sjølv innfor Guds dom. På vegen til Damaskus fekk han så eit sjokk: Alt det han og hadde gjort var totalt ubrukeleg i møte med Guds Son. Dette skriv han grundig og ærleg om i Fil.3. Han rekna alt det som før var ei vinning for reint tap. Det var som skarn og skrap for han nå.

Den store erfaringa hans var eit personleg møte med Jesus frå Nasaret. Det snudde opp-ned på alt. "Kunnskapen om Kristus Jesus, min Herre, har så mykje større verd," skriv han. Han lid tap på alt, "så eg kan vinna Kristus og verta funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som er av lova, men den eg får ved trua på Kristus, rettferda av Gud på grunn av trua".

Då er eit menneske frelst.

2. Alt anna er forgjeves utan tru.

Gud reknar berre med trua. Trua kjem ikkje i tillegg til noko av oss sjølve. Det er berre tru som frelser. Alle offer, opplevingar, din kristendom og det har gjort for Gud blir forkasta som frelsesveg. Det kan ikkje lagrast - slik manna ikkje kunne gøymast. Den måtte fornyast kvar dag. Jesus viser til det når han talar om å eiga det evige livet. Joh.6,31: Fedrane åt manna i øydemarka… Det viser til 2. Mos. 16,4ff. Dei måtte samla kvar dag, nok til seg sjølv. Dersom dei gøymde det, ville det rotna og koma makk i det. Sank så mykje av dette som kvar et, står det, v. 16.

I den samanhang talar så Jesus om seg sjølv som brødet frå himmelen, Joh.6,35 - altså Guds manna. Frelse er å ta imot Jesu frelse. Fornying er å ta imot Jesus på nytt, eta rikeleg av evangeliet om syndsforlating ved Jesus. Sløvhet kjem når me gløymer det og vil leva på gamal vesigning.

Korleis er det i Noreg i dag: Er dei kristne meir opptekne med kva som skal gjerast og glømer å vera hjå Jesus kvar einaste dag? Vona for vårt folk er at me søkjer inn att til Han og gløymer alt me har gjort.

3.Tru er tillit til Guds ord.

I Gal. 3,5b seier Paulus: Ved at de høyrer trua forkynt. Han spør: Korleis vart de frelste? Var det ved gjerningar de gjorde sjølve - eller rett og slett å høyra om Jesus? Det er "troens forkynnelse".

Abraham høyrde om det umogelege, det som ikkje kunne skje - om ein rekna på menneskeleg vis. Ei kvinne på 90 kunne ikkje få barn. det visste dei den gong også.

Men det var nett dette Gud sa til han. Ho skulle få barn! Og det var umogeleg. Guds lovnad stod likevel fast. Han sa det fleire gonger, for Abraham hadde vanskeleg for å tru. Det er lett å tru det me forstår, det som er sjølvsagt og ligg ope i dagen. Men det er ikkje dette Bibelen reknar med. tru er noko heilt anna. Det er "overtyding om ting ein ikkje ser", Hebr. 11,1.

Skulle det skje måtte Gud gripa inn. For Gud er allmektig. Berre me er viljuge å la han tala med oss, viljuge å sleppa alt vårt eige - også våre tankar om korleis alt bør vera. Fleire gonger tala Gud til Abraham, då vart det fødd ei tru i hans sinn: Tenk, Gud kan gjera det ubegripelege og urimelege.

Slik kjem også fornyinga i våre liv.

4. Trua kjem av å høyra.

Me kan ikkje tvinga oss til å tru, like lite som me kan tvinga oss til å elska den me ikkje elskar. Og me har ikkje trua på lager, slik at me kan ta litt tru når me treng det. Heller ikkje skal me sitja og venta på eit under der trua dett ned over oss ein gong for alltid.

Trua kjem, seier Guds ord. Paulus skriv det klårt i Rom.10,17: "Så kjem då trua av forkynninga…" Det er Ordet frå Gud som skapar tillit i oss: Det er sant det Gud seier.

Det er om lag som når du får brev i posten om at du har vunne i eit lotteri. Du har fått ein ny bil! Du tvilar nok i byrjinga og tenkjer det kan vera ein spøk. Feil adresse kanskje. Så les du brevet om att, ser på avsendar og blir overtydd om at brevet er ekte. Då må det vera sant! Bilen er min.

Bibelen er eit slikt brev. Her er det ikkje lotteri, men gåvebrev frå himmelen. Det seier at den som tek imot Jesus, han blir frelst. Å ta imot er å tru. Då er du eit Abrahams barn, Gal.3,7.

6. Abraham i bøn. 1. Mos. 18.

Her møter me Abraham i bøn til Gud. Det er ei gripande stund - for han og for oss som les det nå. Abraham får vitjing av Herren, v. 1. Han hadde hatt det ofte, og levde i nær kontakt med Gud. Abraham hadde fått lovnad om ein son, Isak. Han var difor ein "løftes-son". Isak skulle ikkje bli fødd på vanleg vis. Det var knytt eit under til han.

Difor er det kanskje ikkje så underleg at Abraham og Sara tvilte. Korleis kunne det skje? Dei var begge gamle og tudde ikkje lenger at det var mogeleg for dei å få born.

Då kjem Herren med eit veldig ord: Skulle noko vera umogeleg for Herren, v. 14. Svaret på det var nei, sjølv om han ikkje sa det.

Då er det at dei går mot Sodoma, der Lot budde. Det kom klagerop opp frå byen, v. 20. Synda var stor i folket der. Den var "utan måte". Og Herren ville sjå korleis det var, v. 21. Mennene gjekk då til Sodoma. Men Abraham vart ståande for Herrens åsyn, står det, v. 22. Han gjekk nærare Herren og innleia ein alvorleg samtale med han, v. 23. Og den vart til ei eineståande bøn. For her ber Abraham for dei verste syndarar i si tid. Og ikkje for sitt eige folk, som familien til Lot og sine eigne born og tenarar. Denne Guds mann ber for den syndige byen. Difor lærer dette oss noko om bøn. Lat oss stansa litt ved det.

1) Det var ei bøn i tru. Den første bøna i Bibelen finn me i 1. Mos. 4,26. Og Abraham hadde lært dette. Han hadde tiltru til at Gud høyrde han. Herren ville og kunne hjelpa. Difor går inn i bøn nå. Han bygde si tru på Guds lovnader. Då er det svar å få. Me kan tvila på bønesvar, serleg når det dreg ut. Det skal prøva vårt tolmod. Jakob skriv om Elias som fekk svar. 1. Kong. 17 og Jak. 5,16-17.

2) Det var ei audmjuk bøn. V. 27 og 32. Det er ei rett innstilling. Kan eg våga å be meir? Audmjuk for Gud er nøkkelen: eg har ingen rett og krav på noko i meg sjølv. Eg er ikkje verdig til bønesvar. Alle svar på vera nåde.

3) Abraham var uthaldande i bøna. For han bygde si bøn og svar på kjærleik til Gud og desse menneska. Han byrja med 50 - og gjekk heilt ned til 10. Ja, sa Gud. 6 gonger bad han. Han prøvde igjen og igjen, vart ikkje trøytt og gav ikkje opp. Han bad i tru.

Då kom svaret. Så stor makt har ein truande!

Jesus sa ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje bli trøytte, Luk. 18,1. Og Paulus skriv i 1. Tes. 5.17: Be uavlatande. Er det ei av vår store synder nå?

4) Han stansa i tide. v. 32. Han gjekk ikkje lenger ned enn 10. Kvifor? Somme meiner at det var så mange i Lot sin familie - og det var dei han skulle berga nå. Eller: det skulle ti til for å vera ein forsamling som i synagogen seinare. Det ser ikkje ut til at det var av vantru, men han visste i alle høve at han kunne ikkje gå lenger ned. Og det kjem eit punkt der bøna stansar. Sjå Jer. 7,16: Du skal ikkje be for dette folket. Forherdinga er komen så langt at Gud ikkje lenger kan nå dei, domen er neste steg. Jesus sa til læresveinane at dei skulel rista støvet av føtene der dei ikkje vart mottekne. - Berre Gud ser dette, og me må be så lenge me kan - om ikkje Gud stansar oss på ein klår måte.

5) Abraham hadde bønnenød. Han vandra i bøn, v. 17. Han hadde hjartelag for syndaren og heidningen. han kunne ikkje sjå på domen og gjekk til gud. Herre, spar dei. Har det noko å seia for oss?

Moses 2. Mos. 32,32.

Paulus Rom 9,2; 10,1.

Noreg treng mange slike nå. Folk som er viljuge til å gå med Abraham på troens veg - inn i bønekamp.

7. Abraham sine to søner. 1. Mos. 16 og 21.

Soga om Isak og Ismael finn me att i Gal. 4 der Paulus tolkar den allegorisk Det gir oss også frimod til å bruka denne og liknande tekstar om den kristne trua - men me skal vera varsame med slike utlegningar. Ein kan lett tolka meir inn i teksten eller det me kan leite og finna i teksten.

Me møter to kvinner, to barn, to pakter - og to slags 'kristne'.Etter Gal.4,24 er dette bilete på noko i den nye pakt. Me møter Isak og Ismael, Sara og Hagar.

I. Likskapen.

Dei to gutane var halvbrør og med det i nær slekt. Og det er ikkje alltid slik at slektningar går godt saman reint menneskeleg.

1) Begge hadde Abraham til far..v. 22. Den eine vart stamfar til jødefolket - dei er Isaks born så vel som Abrahams born. Den andre er stamfar til arabarer - dei er Ismaels born. Dette fekk mykje å seia. Her skal me ikkje tala om folkeslag, men om tilhøvet til Gud.

2) Begge er fødde, v. 22-24. Desse to slags menneske har hatt ein åndeleg "fødsel". Det har skjedd noko med dei, ei endring i livet. Dei er ikkje verdslege og heidningar. Dei trur på Gud, er "kristne", og meiner dei er på rett veg.

- Soga om Isak og Ismael er her interessant. Deira fødsler er svært ulike. Ismael er fødd etter kjøtet, skriv Paulus. Isak er fødd på grunn av ein lovnad. Sara fekk ikkje born på mange år. Då bad ho Abraham gå inn til ei trælkvinne, Hagar. Ho kunne ikkje venta lenger og greip til menneskeleg hjelp, noko som var vanleg mellom heidningane. Ismael er altså fødd på vanlig menneskeleg vis. Isak var det annleis med. Sara kunne ikkje få barn, men Gud gav henne ein lovnad: På Guds ord skulle ho få barn. Ho lo åt den tanken, men bøygde seg til slutt for det Herren sa. Og underet skjedde. Trass i sine 90 år, vart Sara mor. For Gud greip inn.

3) Begge har vore "vakt" åndeleg tala. Dei har sett alvoret i livet og døden og æva. Dei vil gjerne til den rette plassen etter døden, og føretek seg noko for å koma dit.- Spørsmålet er korleis det går etter dette.

II. Tre vegar for den vakte. "Vekkelsen" er ei fårleg tid for eit menenske. Då kan det lett gå galt. For då arbeider djevelen intenst med menneska. Han vil enten føra oss til fall og slik få oss bort frå Gud. Eller han vil få oss inn i ein falsk kristendom og på den måten få oss til sine "barn". Her er det tre vegar å gå - ein av dei er me alle på.

1) Djevelen fører eit menneske attende til det verdslege liv. Å vera ein kristen blir for tungt. Han overtyder deg om at det ikkje er noko for deg. Du vil ikkje klara det uansett. Du lyttar til han - og gir opp. Mange har gjort det. prisen vart for høg på ymse vis. Og verdene er lettare på mange måtar.

Samvitet er her sentralt. Dersom du ikkje let Bibelen korrigera ditt samvit, vil du til slutt missa det - og du lever livet etter din eigen (eller andre sin) vilje. Paulus skriv til den unge Timoteus: Han skulle strida den gode striden "i tru og med godt samvit. Dette har somme kasta frå seg og har lide skipbrot på trua". 1. Tim. 1,19. Prest og forkynner Peder Dreyer seier at "en våken samvittighet er et menneskes største lykke". Difor var det viktig for Paulus alltid å ha eit uskadd samvit, Apg. 24,16 og eit fullgodt samvit, 23,1.

2) Djevelen fører den vakte inn i religiøsitet. Det er den andre vegen. Då blir du ikkje verdsleg, men heller ikkje frigjort. Du er "lunka" i gudslivet. Du har litt kristendom, men også litt eigne gjerningar. Din religion blir eit lappverk. Du trur på Gud og på Jesus, ber til han og syng om han. Går på møte, gir til misjonen og oppfører deg som ein rett kristen i det ytre. MEN: du har litt av deg sjølv i tillegg. Dine bøner, ditt fine liv, offer og arbeidet i Guds rike er noko du i det stille reknar med som byggesteinar i din kristendom. Du vil prøva å "behaga" Gud med dette.

Det er djupast sett å gå loven sin veg. Du gjer ditt beste i kristenlivet, og håpar på Guds nåde for resten, det som du ser at du ikkje klarer. Det er ein fårleg veg. Den har evne til å dyssa folk i søvn slik at du ikkje tek det så nøye lenger med truslivet.

Å vera med Abraham "på troens veg" er det motsette. Det skal me sjå litt på nå.

3) Den heilage Ande får då leia den vakte inn til nåden hjå Gud. Det er frelsens veg.

Der er alt vårt eige stengt ute. Der er det ikkje litt arbeid og gjerning og litt nåde. Der er det berre nåde. Men ein vakt syndar kjem inn der berre på ein veg:

Han må erkjenna si synd. Det tyder her at alt i mennesket er synd. Du ser at du er totalt mislukka. Alle fine bøner stoppar opp, og du har berre EI bøn att: Herre frels, eg går under, eg er fortapt, tilgi mi synd - eg har ingen ting som kan hjelpa meg.

I Bibelen ser syndaren at det er ein veg å gå for å få hjelp: Berre evangeliet om Jesus kan hjelpa, han er vår stedfortredar og gjekk i vår plass og tok vår synd.

Så får han ta imot utan betaling, uforskyldt, og tru seg frelst. Hans kristendom blir nå ikkje det Jesus gjorde - ikkje det han har prøvd eller kan gjera. Nå tonar det i sjela: "Han er min sang og min glede."

Dermed blir du ført inn i ein ny fridom - der reknar du berre med Jesus. det er jo han som har gjort alt.

Luk 18,11ff. er døme på desse to menneska: farisearane og tollaren i templet.

III. Træl og fri - skilnaden.

Me går attende til soga om Isak og Ismael. For der møter me skilnaden mellom gutane og paktene.

1) Trælen forfylgde det frie barnet. Gal. 4,29. Det vart motstand og strid mellom dei to. For trælen skjønar ikkje den sanne fridomen og dømer dei frie.

2) Trælen skulle drivast ut, v. 30. Ismael måtte jagast ut i øydemarka, bort frå Sara og Isak. Ismael skulle ikkje få plaga og uroa vesleguten Isak meir. Slik er det også i det åndelege: Me skal ikkje la oss påverka av åndelege trælar, 'kristne' som ikkje er frigjorde og som gjerne vil påverka oss til å gjera noko for å bli frelst.

3) Trælen skal ikkje arva, v. 30. Me kan ikkje unngå åndelege trælar her i livet og skal ikkje reinsa dei ut. Det maktar me ikkje. men i domen kjem det endelege skilje. Då vil trælen gå fortapt. Religiøsitet kan ikkje hjelpa ein synda då.

8. Abraham i djup prøving - og stor frigjering. 1. Mos. 22.

Kap. 22 er eit underleg avsnitt i Guds ord. Det kan likna på heidenskap der menneske er lite verd. Men er me truleg på det djupaste vatn i Bibelen så langt i soga. Me må difor trø varsamt når me stig inn i dette "templet".

Eg trur me må sjå på innhaldet i kap. 22 som to parallelle liner. Tilsynelatande handlar dei om to heilt ulike saker. Ved nøyare ettersyn ser me straks at dei har mykje å gjera med kvarandre.

Det er ein gripande beretning - om offer og kjærleik. Fl.Josefus skriv her: Han skjulte det for Sara. Abr. blir bedt om å ofra sin eigen son.

A. Gud set Abraham på prøve.

Gud sette han på prøve. Ville han tru Gud i alt, også det uforståelege? Abr. skulle lutrast og rensast - inn i anfektelse. Det er også nødvendig for oss. Han svarte ja, her er eg, v. 1. Han var lydig, også i det umogelege.

Ein dag dreg til Moria berg. Gud bestemte plassen, v.2. Han kunne ikkje gå nokon annan stad! Moria tyder: Herren ser, el. vil syna seg, v.14. Abraham skulle få sjå noko nytt og stort, og få eit heilt nytt liv. Me ser ofte mest ved store prøvingar.

Først får me eit mektig og alvorsfullt bilete av Gud. Han krev. Guds mann skal ofra det dyraste han eig på jord. Sin einaste son skal han ofra - slik heidningane ikring han gjorde. Var hans Gud slik?

Det må ha vore mange spørsmål i tankane hans på denne ferda. Og truleg såg han ikkje svar på noko. Når Gud tek oss truande inn i lutringsomnen, finn me få svar. Guds tankar er så store og høge over våre.

Men Gud seier ingen ting før han er framme, når altaret er bygt og kniven er på veg til å ofra. Heile denne tida levde Abraham i uvisse om utfallet. Det var litt av prøven. Ville Guds tenar fylgja Guds vilje til siste stund, helt fram der alt brann opp for han? Våga han å stå for Gud utan å ha noko att?

Men nett her viser han kor sterk trua hans er! Nå reknar han ikkje lenger med Sara eller Hagar eller noko menneskeleg. Nå reknar han berre med Gud, og gir seg over til han. Det får bera eller bresta. Gud må styra, og han har ansvaret.

Trass alt er det eit vakkert bilde av Gud. Det er skremande isolert sett. Ved nærare ettersyn finn me ein Gud full av omsorg for barnet sitt. han må berre få ta oss i skule - læra oss det viktigste.

Var det kjærlighet? Abraham hadde løfte ved sonen: ei velsigning. Fleire løfter- til: kap. 17.21: Guds pakt til frelse. kap. 18.18: alle ætter på jorda. Det skal henda ved Messias for heile verda. Så stort var Guds løfte.

Nå skal han drepast! Rima det? Slik handlar Gud. Abraham var nok i tvil, og kjempa sin indre kamp.Ville trua halda? Slik er det ofte for truande. Inn i mørke tunellar, anfekting,tvil.

Kva då? Abraham gjorde som Gud sa! Utan å diskutera. Det er vegen.

B. Abraham ser løysinga.

Han drog altså avstad. Tre dagsreiser. Taus. Bar på ved og ild. To tenarar var med. Dei såg fjellet. hadde kanskje vore der før. Då vakna Isak, el. vågar å spørja: Han visste kva som skulle til ved et offer: ild og ved og lam. Nå mangla det siste.

Her finn me eit viktig spørsmål: Kor er lammet? Det er avgjerande for rett tru og kristendom.

Viktig nå - i teologien? Kor er lammet? I di tru? Er lammet viktigst? I ditt kr.liv? Les du om lammet, syng om det, er det di trøst?

Me er ofte opptatt av mange ting: oss sjølv, andre kristne, vårt arbeid, gjerningar. Men kor er lammet? Mykje lovisk kristendom -: kva me skal gjera? Frigjeringa ligg i å sjå lammet. Kva seier ordet her?

Abraham var lydig også her. Han bygde alter, fann veden, batt guten, tok kniven - berre sekunder til han drap han. Tvilen var nok stor, men han trudde Gud.

Då greip Gud inn. Stansa han - visste at han frykta Gud. Trudde Gud-.

Då såg han noko nytt. Gud viste seg for han: ein vær. Kvifor såg han ikkje den før? = Gud sende han i rett tid. Det gjer han alltid.

Væren er bilde på Kristus - kva han er for oss kristne. Kva fortel bildet?

1. Stedfortreder - avløysar, vikar - meir enn representant. Klart her.

Ein som tar alt på seg. Han blei ofra i staden for Isak - som gjekk heilt fri. Det er eit klårt bilde: den dødsdømde syndaren går fri dommen. Abraham løyste Isak frå alteret. Han var fri.

Slik blei Jesus vår stedfortredar, vårt brennoffer. Døde i vår stad.

Me er bundne av synda, dom og helvete truar alle menneske. Me må sjå det òg, sjå oss fortapte. Og så høyra: Jesus er vår mellommann. Eit par songar viser det:

278:"Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var slapp fri."

665:"Uskyldig lam som så for meg deg ville ofre hen. Din kjærlighet har bundet deg, å få oss løst igjen."

2.Kor. 5,21: Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss (el. syndoffer). (Gml. sangbok: Domaren sjølv for den dødsdømde døde, Gud er forsona og Gud er oss god.

2. Den einaste redning - for Isak. Han var alt bunden, låg på alteret. Det var ingen annan utveg. Han trong ikkje trøst eller hjelp der han låg. Han trong ein mellommann - som ville døy!

Bibelen er klar: Utan Jesus er folk fortapte. Ingen annan veg til frelse enn Jesus frå Nasaret. Apg.4,12: Det er ikkje frelse i nokon annan…

Joh 14,6: Eg er vegen ,sanninga og livet. INGEN kjem, til Faderen utan gjennom meg, ved meg - for han den einaste døra til frelse og himmel.

Difor galt å trøsta folk på dødsleiet og i livet med at alt går bra: døden er god, der er lys, og ikkje vondt å døy. Det er nyreligiøsitet, New Age.

Dei gjer folk mykje galt ved å tilsløra sanninga.

3. Gud fann vikaren! Abraham hadde tru, v.8. Det var profetisk. Gud vil sjølv finna lammet. Ingen annen er brukbar og kan sona vår dom.

Det var bestemt i evighet. Ef.1,4-5: Har valt oss ut før verda var skapt,føreåt etla oss til å få barnekår ved Jesus.

Då held det! Det er pålitande, me kan døy på det.

Han gjorde det var kjærleik til verda.

4. Abraham hadde ei sterk tru.

Fleire gonger viser han det: Gjekk villig til Moria.

Svarte tenarane, v. 5. og Isak: v. 8. Det viser at Abraham hadde tru på Gud: Han ville ordna opp på sin måte.

Hebr. 11.19 viser det: Han tenkte at Gud er mektig til å vekkja opp frå dei døde. Tenkte rett. Me tenkjer ofte galt, ut frå fornuften. Det blir alltid galt, for vårt sinn er øydelagt av synda.

Abraham tenkte ved tru. For ved tru ofra han Isak - han var alt ofre i trua, i tanken.

Abraham fekk ei åpenbaring om oppstandelsen. Guds veldige kraft. Gud kunne vekkja Isak opp att.

5. På Moria berg. v. 2

Der blei templet bygt, 2. Krøn. 3,1. Der ofra jødane kvar morgon og kveld samt høgtider i ca. 1000 år. = ca. 1 mill. lam ga livet der. Det er bilder på Jesus. Alt det var skuggar av Kristi verk, Hebr. 8,5 og 10,1. Jødane visste: døden var nødvendig for evig liv. Like ved - same fjellkjede i Jerusalem: Golgata - Kristi offer. Då skjedde det. Han ropte: fullbrakt. Joh 19,30.

Døyparen Johannes var profet: Joh 1,29 Guds lam som bærer verd.synd. 1.Pet. 1,18-19. Åp. 5,6-10.

261: I det fjerne jeg skuer et underbart syn…

V. 14: der skal han la seg sjå. Der på Golgata vil du sjå frelsa, ikkje i ditt eige liv eller gjerningar eller følelser.

144: Det er liv i å se på det Golgata kors.

Har du sett det? Er det ditt? Isak gjekk glad heim, i 3 dagar. Takk.

Ingen kommentarer: