onsdag 3. september 2008

2 Johs brev

2. Johs. brev.

Ein setning kjem att i begge dei to siste breva til Johannes. Det er uttrykket å ferdast i sanninga, her v. 4 (v. 3 i 3. brev). Dette er dei siste breva frå Johannes. Han er gammal og har opplevd mykje i livet.

Men den største gleda han har som menneske og kristen er dette: At venene levde rett som kristne i verda. Det skulle vel og tyda at han kjende til at kristne levde slurvent. Men så høyrde han om nokon: dei levde i sanninga slik Gud hadde vist dei. Her høyrer me altså om:

Truande som lever i sanninga.

Dette rette kristne liv på jorda er verda sin Bibel, er det sagt. Framgangen for kristen tru heng saman med dette. Og det er alvor. Guds ære på jorda kan verta skada ved eit dårleg liv. Det bør me ta meir omsyn til. – Men dette bygger sjølvsagt på eit sant møte mellom syndaren og Frelsaren. Kristus må først få frelsa oss av nåde og gje oss eit heilt nytt liv. Og det livet vil leva slik Gud vil. Men kjøtet kan hindra så mange av oss.

1. Ein del av livet i sanninga er å leva nær Gud i erfaring. Å leva godt med Gud er å leva rett etter Guds vilje. Det er å ha ”samfunn” med Gud. Og det får me ved bøna og Ordet og saman med dei heilage i venesamfunnet. Enok vandra med Gud, 1. Mos. 5, 24. Noah gjorde det, 1. Mos. 6, 8-9. Og dei første kristne hadde alt saman og fekk kraft til liv og tru ved ”dei fire B-ane” i Apg. 2, 24. Det gjeld i tankelivet så vel som i det ytre: alltid oppteken av det himmelske og ikkje det jordiske, Kol. 3, 1. Og det kan me gjera midt i eit jordisk arbeid. Det viser kva som er viktig for oss og som me set først. Det reine hjarta set Gud og hans rike på førsteplassen. Om me kjem på fråstand frå Gud i dagleglivet, blir me og livet vårt prega av det verdslege. Og det syner att i livet vårt.

2. Eit rett liv. Å leva rettferdig i verda har me vår kristne kvardag å gjera. Og det tyder i praksis å bøya seg for Guds reglar for livet. Det er vanskeleg for oss. Og dette er eit ømt tema for mange. Somme tenkjer straks på syndefridom og seier høgt: Det kan me ikkje nå fram til. Og det er sant. Men her er det tale om ei heilt anna sak.

Du står framfor eit val. Du kan ta noko som ingen får vita noko om – og du stikk det i lomma. Du reiser på ferie langt borte – og tek deg fridomar du aldri ville teke heime. Det kan vera med alkohol eller i høve til det andre kjønn. Ingen får vita det, og du bøyer av for lysta. Du talar om andre menneske, og overdriv litt i negativ lei – ingen kan kontrollera det. Men du lyg. Du bannar i opprørte stunder, du var kanskje van med det som verdsleg. Men du har gjort lite for å endra talemåten din.

I Bibelen står det at den som stal, han stel ikkje lenger. Det blei altså eit nytt liv. Dei sigra over synda. Har du gjort det i slike høve? Dette har med helginga å gjera.

Eit rett liv er eit liv etter Bibelen. Formaningane er til hjelp for oss her. Ta dei vel opp og sjå kor du har lettast for å falla i synd. Gud har kraft til eit nytt og betre liv. Det må me be om.

Jesus er eit føredøme for oss. Slik han levde skal vera vår mal eller ”arbeidsteikning”. 1. Joh. 2, 6; 1. Pet. 2, 21; Fil. 2, 5. Det kjem ikkje automatisk, me treng formaning til det. Kvifor let elles Gud alle formaningane verta skrivne i Boka? Me kan sjølvsagt aldri leva slik Jesus levde i alt. Men han er eit føredøme for oss.

Eit rett liv er å leva etter Guds vilje. Så langt me skjønar det, vil han me skal gjera det. Me blir bedne om å søkja det som er der oppe, vera viljue å gjera Guds vilje, då skal me kjenna den, seier Jesus. Joh. 7, 17. I kvardagen skal me stilla oss til disposisjon for Gud og seia: Kva vil du eg skal gjera nå? Då møter du dei ferdige gjerningane, Ef. 2, 10.

Og heile tida får me henta kraft frå forsoninga og den frie nåde. Me er heile tida frelst av nåde. Eit rett liv er ikkje lovgjerningar. Å leva etter lova er å prøva å vinne frelse ved sitt eige liv. Den som er frelst av nåde, kan ikkje det – då fell han bort frå nåden.

Ein kristen leiar har aldri støtte glede enn når han ser veneflokken vil gjera Guds vilje. Og når det ikkje lukkast, ser han den truande gret – over eigne fall og synder. Men ser han ein slurven kristne, gret forkynnaren. Eit slikt liv skader Guds rike på jord.

---

3. Johs. brev.

I v. 2 finn me ei fin helsing frå den gamle Johannes. Nå skriv han til sin kjære Gajus, som han elskar i sanning. Det må ha vore eit godt og fint forhold mellom desse to kristne.

Nå skriv han: Du kjære. Ei anna omsetjing har: kjære ven. På gresk står her eit rod som er leia ut av ordet agape, som er nytta når det står at Gud elskar oss. Det er ein kjærleik som berre vil gje og ikkje venta eller krevja noko attende. Ein slik ven er Gajus for Johannes.

Så kjem han med eit ynskje: At ”du i alle ting må ha det godt og vera ved god helse, liksom di sjel har det godt”. Her er altså fleire ting me kan stansa for. På engelsk står at han ber om dette.

1. At Gajus må ha det godt. Det er eit generelt utsagn at ikkje noko vondt eller vanskeleg skal møta han eller tyngja han ned i livet. Johannes har altså omsut for venen sin i alle ting. Slik skulle me tenkja om kvarandre.

2. At Gajus må ha ei god helse. Han ber altså om at venen må vera frisk og sleppa å slita med sjukdom. Det har me og lov til å tala med Gud om. Gud vil ikkje me skal vera sjuke og ha det vondt i livet, dersom det ikkje er ein del av Guds plan. Og det veit berre han i det einskilde høve. Slik var det med Job, men også der vende det vonde seg til det gode til slutt.

3. Gajus har det godt med Gud. Slik kan me skjøna den siste setningen i verset: Liksom di sjel har det godt. Sjela tyder ofte vårt forhold til Gud. Då hadde Gajus gjort opp si sak med Gud og levde i frelsa av Jesus. Han åtte syndsforlating for alt og trudde at Jesu blod hadde berga han frå synd og dom og den evige død.

Slik må me få ha det, og det må me be for kvarandre om.

NDH.

Ingen kommentarer: